Himalayavenn Himalayapartner Abonnent
   Meny
 Hovedside
 Støtt HimalPartner
 Alternative gaver
 Om HimalPartner
 Arbeid i Himalaya
 Arbeid i Norge
 Engasjer deg
 Ungdom
 Nyheter
 -Nyheter fra Norge
 -Nyheter fra Nepal
 -Nyheter fra Kina
 -Nyhetsarkiv
 Kalender
 Ukas preken
 Takk og be
 Kontakt oss
 Eksterne linker
 Dagens bibelord
 Ressurser
 Information in English
   Søk
   Les Tibetaneren
  Nyhetsoversikt
Fred er vår lengsel

Alle har me behov for fred– og kanskje nokre ber på ein draum om å vera med å skapa denne.

Foto: Thulsa sammen med barn på Håpets Senter - et dagsenter for funksjonshemmede i Nepal.

Av Ragnhild Skeie, utsending for Tibetmisjonen

ABBS er eit dagsenter i Kathmandu som jobbar med fysisk og mentalt handikappa born. Sjølv om senteret har eksistert i mange år, er dei enno avhengige av midlar utanfrå. Tibetmisjonen støttar difor det viktige arbeidet som blir gjort ved dette og 4 andre senter i og utanfor Kathmandu. Frå offentleg hald er det lite og inga støtta til desse sårbare borna. Det vanlege er å skjula at ein har eit slikt barn, svært få av dei er synlege i gatebiletet i byen, unnateke dei som blir brukt til tigging.

Tulsa, leiar for ABBS, inviterte tidlegare denne månaden til danseoppvisning som borna på dagsenteret skulle ha. Eg besøkjer senteret innimellom og veit at ein del av borna er svært handikappa. Danseoppvisning, lurte eg, er det mogeleg? Joda, danseoppvisning skal dei ha – ilag med 4 andre organisasjonar som jobbar med utsette born. Dei har jobba med eit program i 15 mnd og no er dei klar for framføring.
Til framføringa har dei har leigt ein teatersal midt nede i byen, den store dagen er komen. Ein danseterapeut med utdanning frå England har jobba med eit program for dei 5 organisasjonane som deltek.

Spent møter eg opp for å vera med på dette, veit ikkje heilt kva eg skal forventa. Den store salen fyllest etter kvart til siste plass. Leiaren fortel at programmet skal starta nøyaktig på tida fordi det skal vera direktesending på TV. Fantastisk, tenkjer eg, det er utruleg viktig at denne gruppa blir løfta fram og verdsett. Sidan det framleis er eit stigma å ha eit slikt barn, er det flott at dette programmet blir sendt på TV, at borna blir ”synlege”.
Tema for kvelden er: ”Fred er vår lengsel”

Innleiingsvis blir det orientert om motivasjonen bak oppsettinga. Danseterapeuten snakkar om korleis både vaksne og born har lengsler, forventningar, gleder, sorger og frustrasjonar som vi treng å gi uttrykk for. Alle har me behov for fred– og kanskje nokre ber på ein draum om å vera med å skapa denne. Kva med den som ikkje har språk, heller ikkje ein kropp som fungerer, ingen tårer, ingen armar som kan klemma rundt dei ein er glad – Korleis er det å vera innestengd i ein kropp der alt dette bur, men aldri får koma ut?  Ein kropp som kanskje til og med gøymer ein draum om å skapa fred.

Kva kan desse borna bidra med, er det plass for dei? Gjennom dansen kan kjensler uttrykkjast utan ord, kroppen kan røra seg innan sine eigne avgrensingar, gleda, sorga, sinnet, forventninga kan og nå ut gjennom ei forvridd hand som får lov å leva saman med musikken.

Her er det tydeleg ein som ser muligheiter der andre berre ville sett avgrensingar. Programmet er klart til å starta. På signal rullar 4 jenter i kvite silkekjolar, inn på scenen i spesialrullestolar. Dei ser ut som prinsesser og ansikta strålar der dei svingar rundt i stolane sine til feiande flott musikk og nydeleg lyssetjing. Dei er utruleg dyktige. Etter kvart kjem funksjonsfriske born til og dansar ilag med dei.

Så er det ABBS sin tur. Lyset på scenen blir sløkt, i mørket blir det arbeida raskt medan dagens konferansier har ein kort introduksjon. Lyset kjem sakte på og viser mange som ligg på scenen. Ein med Downs syndrom reiser seg ilag med ei som har vanskar med å koordinera føtene. Til vàr musikk er det som sollys sakte sig inn over scenelandskapet der dei to på sin eigen elegante måte, får liv i klesbyltane. Den eine etter den andre reiser seg, i den grad dei kan reisa seg, og til musikken glir dei att og fram mellom kvarandre. To som ikkje kan gå blir på ein utruleg måte inkludert av dei andre som delvis rullar, delvis dansar seg gjennom programdelen sin. Borna strålar, dette er deira dag.

Tårene renn og eg tenkjer at denne danseterapeuten må vera ein tryllekunstnar. Tittelen på songen dei dansar til er: ”Fred, kvar har du gøymt deg?” Eg legg merke til teksten som går omtrent slik:” Eg kan eg og, eg gjer det kanskje ikkje slik som du, og kanskje ikkje like fort, men eg kjem etter - litt lenger bak.”  (Profesjonelle musikarar og diktarar har jobba med tekst og musikk.)

Programmet vekslar mellom meir funksjonsfriske og andre svært handikappa born. Dei som er friskare støttar dei som strevar meir. Borna har ikkje lært ein spesiell dansestil, men er oppmuntra til å røra kroppen fritt. Det heile blir ein symfoni av lyd, lys, fellesskap, omsorg, glede og kroppar som utrykkjer seg fritt innan sine grenser. Ei nydeleg ung jente plukkar opp eit av borna som ikkje kan gå og set han på fanget til prinsessa i rullestolen. Då jenta dansar vidare ser eg at ho har berre ein og ein halv arm. Prinsessa i rullestolen held rundt den vesle guten med ein arm og styrer stolen med den andre. Guten strålar.

Programmet går mot slutten, det er mange våte auge i salen – og mange stolte foreldre og ansvarlege. Glade born strålar og vinkar frå scenen til velfortent applaus.Framføringa har vore ei stor oppleving frå byrjing til ende.I dag har fokuset vore på det dei kan og ikkje på det dei ikkje kan.

Les om tibetmisjonens prosjekt "Dagsenter for Funksjonshemmede"



[skrevet:08.07.10]





   Annonser
HimalPartner
Twitter
Facebook
VinnReiseTilHimalaya
   Hva skjer?
07.09.10
Edinburgh 2010
10.09.10
Å sette mennesker fri
18.09.10
Å sette mennesker fri

Webansvarlig:Bjørn Lyngroth | Tibetmisjonen, Postboks 6646, St. Olavs Plass 0129 OSLO. | E–post:post@tibetmisjonen.no

Kontonummer:3000 15 47107          admin   cpanel