Himalayavenn Himalayapartner Abonnent
   Meny
 Hovedside
 Støtt HimalPartner
 Alternative gaver
 Om HimalPartner
 Arbeid i Himalaya
 Arbeid i Norge
 Engasjer deg
 Ungdom
 Nyheter
 -Nyheter fra Norge
 -Nyheter fra Nepal
 -Nyheter fra Kina
 -Nyhetsarkiv
 Kalender
 Ukas preken
 Takk og be
 Kontakt oss
 Eksterne linker
 Dagens bibelord
 Ressurser
 Information in English
   Søk
   Les Tibetaneren
  Nyhetsoversikt
Det er ikkje over

Den nye grunnlova skulle vore presentert den 28 mai. Det skjedde ikkje og landet stod i fare for å vera utan regjering.

Bildet: Livet går videre i Nepal. På bildet: Risbønder

Av Ragnhild Skeie, utsending til Nepal for Tibetmisjonen

Me venta spent heilt til siste nikk på kva som ville skje. Kl. 23.40 den 28 mai bestemte dei 3 største partia seg for å forlengja fristen for skriving av grunnlova med eit år. Dette forhindra kaos og nye uroligheter i landet, til stor letting for folk flest. Det såg veldig vanskeleg ut heilt til siste minutt.

Takk til alle som har bedt for land og folk. Vonar de fortset med det. Det er nemleg ikkje over enno. Det vart sett ein del kriterium for semja om forlenging, nokre av desse kriteria er nedskrivne, andre ikkje. Maoistane krev no at statsministeren må gå og før det skjer krev dei andre partia at maoistane må leggja fram ein plan for avvikling av hæren sin.

Det var ein del av dealen at statsministeren skulle gå, men når det kjem til stykkjet, er det stadig nye ting som må oppfyllast før han forlet stolen.

Be om at dei som sit i den grunnlovsgjevande forsamlinga ikkje enno ein gong forspiller sjansen ved ikkje å gjera jobben sin, særleg gjeld dette leiarane. Be om at eigne posisjonar ikkje blir det viktigaste, men at landet får ei god grunnlov å styra etter – til beste for eit folk som ventar.

Be og framleis for kyrkja sin rolle i samfunnet. Det er mange frimodige kristne her som vitnar om si tru – og veldig mange som har fått endra liva sine etter at dei kom til tru.

Takk til alle dykk som hugsar på Nepal og oss i arbeidet her.



[skrevet:16.06.10]





   Annonser
HimalPartner
Twitter
Facebook
VinnReiseTilHimalaya
   Hva skjer?
07.09.10
Edinburgh 2010
10.09.10
Å sette mennesker fri
18.09.10
Å sette mennesker fri

Webansvarlig:Bjørn Lyngroth | Tibetmisjonen, Postboks 6646, St. Olavs Plass 0129 OSLO. | E–post:post@tibetmisjonen.no

Kontonummer:3000 15 47107          admin   cpanel