Einslege kvinner Enkjer i Nepal har tradisjonelt svært låg status, dei har blitt behandla som kastelause - utan noko verdi.
Av Ragnhild Skeie, utsending for Tibetmisjonen til Nepal
I går dumpa eg oppi eit kvinnemøte i ein landsby 1/2 times gange herifrå. Det viste seg at det var einslege kvinner som var samla - fleirtalet av dei enkjer. No ville dei starta ei foreining som skulle betra levekåra deira.
Enkjer har tradisjonelt svært låg status i dette samfunnet, dei har nærast blitt behandla som kastelause - utan noko verdi. I enkelte grupper blir dei beskulda for å vera årsak til mannen sin død. I eit samfunn der mange giftar seg svært unge, var det mange enkjer i 20åra i denne gruppa. Mange av dei har mista mannen sin i opprøra dei siste åra. Det er difor mange sår hjå desse kvinnene, ein del av dei har menn som har kjempa på kvar si side i borgarkrigen. Ikkje lett å leggja alt dette bak og sjå at dei er systre som saman kan koma seg vidare.
Det har vore jobba mykje med å betra situasjonen til enkjer dei siste åra og heldigvis har tilhøva betra seg. Dei kan bevega seg fritt i landsbyen utan å bli plaga, dei kan kle seg i anna enn berre kvitt, til og med i raude kle som gjerne berre er for gifte. Dei unge enkjene kan gifta seg att. For dei fleste er likevel kvardagen beinhard med åleineansvar for born som det skal betalast skulepengar for.
Eg blir ståande og snakka med ei av dei etterpå og tårene er ikkje langt unna. To andre kjem til og skjenner på henne - ikkje tårer, det gjer det berre endå verre. Eg tenkjer i mitt stille sinn: kor kan dei få ein friplass til å sleppa ut alt det dei ber på. Ho som skjenner treng det nok like mykje som ho som ikkje klarar halda tårene tilbake.
På veg heim slår ei av dei yngre følgje. Ho fortel at ho har 5 born, mannen er i Malaysia for å tena pengar til å betala lånet dei måtte ta opp då ho braut foten, 150.000 Rs. Ein kjempesum for desse som ikkje har nokon ting. Ho fortel om yngstejenta på 5 som blei stum etter at mora kom på sjukehus og var vekke i fleire veker. Dette er fleira månader sidan, men jenta snakkar framleis ikkje. Ho tok henne med i ei kyrkja i von om å få hjelp der, men det hjelpte ikkje. Eg spør om ho trur at Gud kan hjelpa. "Eg veit ikkje," seier ho stilt, "det er langt å gå og eg har vondt i foten." Me snakkar saman like til ho møter søstera og snur heim att ilag med henne. Eg går heimover full av tankar og ikkje minst bøner.
Hjarta mitt blør for desse medsystrene og eg kjenner meg så hjelpelaus, men eg veit at det er Ein som kan hjelpa. Har på føremiddagen nett snakka med ein pastor i nabolaget, og han fortel om at 95% av dei som kjem til tru, gjer det fordi dei har det nett slik som denne kvinna. Livet blir så vanskeleg og etter å ha prøvd det meste kjem dei til kyrkja og møter ein Gud som er sterkare enn det andre dei har prøvd.
Kvinnene i basaren her me bur er newarar og har det på mange måtar enklare enn desse i denne Tamanglandsbyen. Tamangane har lite utdanning, dei fleste av dei litt eldre kvinnene har aldri gått på skule og kan ikkje lesa. Likevel er det nokre av dei som står opp og vil gjera noko for landsbyen sin. Eg kjenner på stor beundring for desse kvinnene som klarer å overleva og ta vare på borna sine med eit minimum av ressursar. Ja, dette er litt av utfordringane her i Dhulikhel.
Alt det som er så sjølvsagt heime får eit litt anna perspektiv sett herifrå, kanskje me treng å bruka augene til å sjå alt me kan takka for..
Støtt Tibetmisjonens arbeid ved bli fast giver
[skrevet:21.05.10] |